Administrativ seksjon har ansvar for interne støttefunksjonar som HR, dokumentasjon/arkiv, IKT og kontortenester. Seksjonen har og generell sakshandsaming og koordinerer interne prosessar knytt til blant anna verksemdplanlegging og organisasjonsutvikling. Administrativ seksjon har ein viktig rolle for løpande drift og utvikling, og jobbar tett med leiare og medarbeidarar i heile departementet.
Administrativ seksjon er ein av fire einingar i Avdeling for styring, administrasjon og samfunnstryggleik.
Til HR-teamet i seksjonen søkjer vi nå ein ny kollega som skal jobbe med
- løpande personalforvaltning og arbeid i personalportalen
- leiarstøtte og rådgiving
- oppfølging og kontroll av lønstenester frå DFØ
- sakshandsaming på HR-området og HMS-arbeid
- årleg personalstatistikk og anna statistikk og rapportering
- onboarding og andre kompetansetiltak
Stillinga gir varierte oppgåver og gode moglegheiter for utvikling. Vi er eit lite HR-team og det er ønskjeleg at du kan bidra inn i eit bredt spekter av oppgåver.